Heim

Kva er bondens bord

Bli gjest

Gjestebok

Galleri

Bondens Bord er et konsept
utviklet av Fjellnettverket.

Nordre Espeset

Else og Mattis Asplin

På Nordre Espeset i Nesbyen, 700 meter over havet, ønskjer Else og Mattis Asplin velkomen til gards der tradisjon, natur og lokalmat går hand i hand. 

Bondens bord

Eit mangfaldig gardsbruk i Hallingdal

Nordre Espeset ligg vakkert til med utsyn over gamle seterområde, andre gardsbruk og populære turområde. Garden er ein del av den rike landbrukstradisjonen i Hallingdal, der mangesysleri har vore ein naturleg del av kvardagen i generasjonar.

På garden har dei sau, skog og utmark, og vidarefører tradisjonen med å kombinere fleire næringar. Gjennom eit eige foredlingsanlegg, Hallingdal Lokalmatsenter, parterer og foredlar dei kjøt – både frå eigen gard og for andre gardbrukarar i området. Dette gjev høve til å ta vare på heile verdikjeda, frå beite til ferdig produkt.

I samspel med naturen

Drifta på Nordre Espeset er tufta på respekt for og samspel med naturen. Sauen spelar ei sentral rolle i dette samspelet. Om våren og hausten beiter sauene i innmarka, medan dei om sommaren trekkjer til seterområda, der dei finn ungt og næringsrikt gras.

Beitinga held landskapet ope, tek vare på kulturminne og styrkjer det biologiske mangfaldet. Difor ser dei no at artar som tidlegare var vanlege, igjen spirer i bakkane rundt garden.

Storparten av maten Else og Mattis serverer på Bondens Bord, kjem frå eigen gard. Det dei ikkje produserer sjølve, hentar dei frå lokale produsentar i nærområdet – slik kan dei tilby ekte, kortreiste smakar med tydeleg opphav.

Bestilling Bondens Bord gjerast på e-post: else@raasmak.no