Heim

Kva er bondens bord

Bli gjest

Gjestebok

Galleri

Bondens Bord er et konsept
utviklet av Fjellnettverket.

Stordalen gardsbruk

Marita Stordalen Stegarud og Rune Eriksen

Eit lite fjellbruk i solsida i Tinn Austbygd, der dyrevelferd, ysting og gode smakar går hand i hand.

Bondens bord

Aktiviteter

Frå fjell og seter

Stordalen Gardsbruk ligg i Øvrbygda i Tinn Austbygd, høgt og solvendt med utsikt mot Tinnsjøen. Gardsdrifta byggjer på lange tradisjonar og omfattar fleire produksjonar. I 2023 tok Marita over garden saman med mannen Rune og dei tre borna. For Marita er dette ein stad ho har sterke band til – ho har delvis vekse opp her hjå besteforeldra sine, og både garden og setra har voe ein naturledg del av livet hennar frå tidleg alder.

På garden har dei kring 90 mjølkegeiter, telemarkku og eine ysteri. Om vinteren held geitene til i fjøset på garden, medan både folk og dyr flyttar til seters om sommaren. På setra går geitene fritt i fjellet og kvardagen består av mjølking, fjellturar og rolege dagar i takt med naturen.

Bondens bord og ysteriet

Gjennom Bondens bord ønskjer vi å vise fram garden og produkta våre på ein meir levande måte – der maten bli ein del av opplevinga. På setra kan gjestene kjøpe burger av geit eller storfe, og tilbereie maten på bålpanna på setervollen. Heime på garden blir maten servert i stova vår, med utsyn til telemarkskyrne som beitar på tunet.

Ysteriet er i drift så lenge gietene mjølkar. Hovudproduktet er ein brun, heilfeit geitost laga etter gamal oppsrift frå Tinn. Osten har fått stor merksemd og fleire prisar, mellom anna 2. plass i oste- VM, premiering i NM i ost og utmerkinga «Årets lokalmatprodukt 2025» på Dyrskuèn.

Bestilling Bondens bord