Rakel og Jarle Rueslåtten
Bondens bord
Overnatting
Frå fjøs til fjell
På Larsgard har dei eit moderne lausdriftsfjøs md 30 mjølkekyr, saman med to hestar og ein katt som tuslar på tunet. Rakel og Jarle starta med mjølkeproduksjon på Rueslåtten i 2003, bygde ysteriet i 2013 og flytta drifta frå Rueslåtten til Larsgard i 2021. Om sommaren reiser både folk og fe til fjells – til Gurostølen i Raggsteindalen – der dei lagar tradisjonsrike stølsprodukt som rømme, smør og trøgost av frisk fjellbeitemjølk. Her tek dei også imot besøkande til Bondens bord, der gjestene får servert ekte stølskost i spektakulære omgjevnader.
Frå ysteriet til Hallingstua
I ysteriet på Rueslåtten blir det laga ost gjennom heile året – frå faste lagringsostar som Storevelten og St. Pål til mjuke og milde variantar som Kubbeost og Snøspurv. I tillegg tilbyr dei kjøt frå storfe og spekepølser, alt med lokal forankring. På Larsgard er det mogeleg å overnatting i den flotte Hallingstua på tunet.
Ynskjer du å bestille Bondens bord hos Rakel og Jarle, tar du kontakt via lenka.





