Thomas og Kathrin H. Aslaksby
Sidan 2006 har Thomas og Kathrin skapt ei levande og berekraftig handverksverksemd på småbruket sitt i Valdres, rett ved Beitostølen. Her får du møte ekte tradisjonar, smake gode råvarer og oppleve lidenskapen for både mat og handverk.
Bondens bord
Aktiviteter
Frå stølen til bordet
Om vinteren bur dei på garden Nørrestogo saman med geiter, islandshestar, høner og katten Tigern. Når sommaren kjem, flyttar dei til Olestølen på 1000 moh, der geitene beitar fritt i fjellet og gir både kjøt og økologisk mjølk til foredling. I fem sommar-månader blir rå mjølk foredla for hand i eit mobilt ysteri til alt frå kremost og lagra geitostar til syrna mjølk, smør og rømme.

Opplevingar året rundt
Når vinteren kjem, får geitene fri frå mjølking, og Skimakaren byter ut slått og ysting med skimakarkurs på verkstaden i låven.
Bondens bord kan du oppleve både på skimakarverkstaden nede på garden vinterstid og oppe på Olestølen om sommaren – alltid med naturen i sentrum. Her får du smake kjekjøt og den tradisjonelle spekepølsa «Kurv frå Valdres» saman med prisbelønte ostar og grønsaker frå hagen.
Ynskjer du Bondens bord hos Kathrin og Thomas, så bestiller du direkte.
Kathrin: +47 918 89 806
Thomas: +47 496 36 772