Karen Elise Steig og August Evensen
Steig gard er ein historisk perle i Gudbrandsdalen – med røter heilt tilbake til vikingtida og ei levande drift som held tradisjonane i hevd.
Bondens bord
Aktiviteter
Ei historie om makt og tradisjon
Garden har vore eit politisk og religiøst sentrum sidan 1021, då maktsenteret flytta frå Hundorp til Steig. Gjennom mellomalderen var garden knytt til kongemakta, og seinare fungerte han som futegard og tingstad. Sidan 1743 har Steig vore i same familie, og bygningsmassen vart utvida under Ole Nilsen Steig på 1800-talet
Dagens drift og opplevingar
I dag kombinerer Steig kulturarv med moderne gardsdrift. Karen Elise Steig og August Evensen tek vare på historia og inviterer besøkande til servering og historieforteljing – med måltid laga av eigne råvarer.
På garden har dei mjølkekyr, ammekyr sommargrisar og hestar. I tillegg dykrar dei korn; bygg og gras til dyrefor. Restaureringar og verneprogram sikrar at garden held fram som eit levande kulturminne – med gjestfridom, tradisjon og ekte Gudbrandsdalsk identitet.
Ynskjer du å bestille Bondens bord hos August og Karen Elise kontaktar du dei via lenka nedanfor.
Karen Elise: +47 917 87 976
August: +47 123 45 678




