Heim

Kva er bondens bord

Bli gjest

Gjestebok

Galleri

Bondens Bord er et konsept
utviklet av Fjellnettverket.

Brekke gård

Line Berget og Morten Hedegart

I hjartet av Gransherad i Telemark ligg Brekke gard med utsikt mot verdsarven Rjukan – Notodden. Her kombinerar Line og Morgen tradisjon, kultur og råvarer for å gje deg ei ekte matoppleving.

Bondens bord

Overnatting

Frå garden til bordet

På garden har dei ammekyr av den robuste rasen Høylandsfe. Kjøtet frå desse dyra, saman med viltkjøt frå elg og hjort, er grunnlaget for dei smakfulle rettane som serverast på Bondens bord. Menyen blir fullstendig med grønsaker frå hagen, bær frå naturen rundt garden og sopp frå skog og fjell. Egga frå hønene er sjølvsagt med og gir det lille ekstra til måltidet.

Opplevingar og overnatting

Brekke gård trekkjer seg frå 350 til 1000 moh og byr på storslått natur med stølar, fiskevatn og badeplassar. Kårboligen og eit autentisk stabbur frå 1600–1700-talet leigast ut til overnatting, saman med eit gamalt lafta uthus. Overnattinga kan kombinerast med Bondens bord, og er plass til inntil 10 gjester rundt bordet.

Bestilling bondens bord gjerast direkte til Line: Tlf. 970 53 485

Gårdsveien 1,
1234 Postnummer

error: Innholdet er beskyttet!