Heim

Kva er bondens bord

Bli gjest

Gjestebok

Galleri

Bondens Bord er et konsept
utviklet av Fjellnettverket.

Nerol gard

Marit Torsrud og Erling Nerol

Garden Nerol ligg sentralt i Holsbygda med storslått utsikt over Holsfjorden. Dette er ein av dei eldste gardane i Hol. Her får du oppleve ekte gardsliv, økologiske råvarer og tradisjonar som har levd i generasjonar.

Bondens bord

Aktiviteter

Ei historie som lever vidare

Nerol har vore i drift i fleire hundre år og var skysstasjon fram til 1919. Her fekk reisande med hest husly, overnatting og servering. I dag driv Marit og Erling garden med stoltheit og omsorg for naturen. Drifta er økologisk, og på tunet finn du både gammalnorsk spælsau, potet- og grønsaksproduksjon samt ein kombinert andels- og marknadshage.

Smak av fjell og berekraft

Sauene på Nerol beiter kvar sommar i Hallingskarvet, der det næringsrike fjellgraset gir kjøt med særpreg. Stykningsdeler av lammekjøtt, potet, grønsaker og saueskinn blir seld direkte frå garden.

Marit og Erling tenkjer langsiktig og nyttar ressursane på ein måte som sikrar framtida. Her kan du nyte måltid laga av råvarer frå garden – og bli med på hagevandring med smaksopplevingar.

Ynskjer du å bestille servering hos Marit og Erling kontaktar du dei direkte.

Bestilling Bondens bord

error: Innholdet er beskyttet!