Heim

Kva er bondens bord

Bli gjest

Gjestebok

Galleri

Bondens Bord er et konsept
utviklet av Fjellnettverket.

Stordalen gardsbruk

Marita Stordalen Stegarud og Rune Eriksen

Opplev eit ekte fjellbruk på solsida i Tinn Austbygd, med utsikt mot Tinnsjøen og natur som tek pusten frå deg. Her ventar heimelaga smakar, tradisjonar og opplevingar som gjer dagen heilt spesiell.

Bondens bord

Aktiviteter

Smakar med historie

Marita og Rune driv garden med melkegeiter, telemarksku og eige ysteri. Her blir det laga brun geitost etter gamal oppskrift frå Tinn – ein ost som har nådd verdstoppen og fått prisar i både NM og Dyrskuen.

Om sommaren er heile budskapen på setra i nærleiken av Rjukan. På setra kan du kjøpe rømme, gomme, prim og smør, eller smake på burgarar av geit og storfe, servert med lefser og flatbrød.

Opplev livet på garden

Bondens bord hos Stordalen er meir enn eit måltid og tilbys både på sentra og heime på garden. På setra kan du grille din eigen burger på bålpanna, vere med på melkestell eller ta fjellturar der geitene beitar fritt.

Heime på garden blir middagen servert i stova med utsikt til telemarkskuene som beitar i åsen. Her skapar vi minner – og viser fram gardslivet på sitt mest ekte.

Ynskjer du servering hos Rune og Marita, tar du kontakt direkte.

Bestilling Bondens bord

 

error: Innholdet er beskyttet!