Marianne Øverhaug og Stein Øvre Storeggen
Storeggen ligg idyllisk til på oversida av Glomma, rett ved riksveg 3, fartsåra mellom Oslo og Trondheim. Her har du nydeleg utsyn mot fjell og skog og Tynset sentrum som ligg berre nokre få minutt unna.
Bondens bord
Aktiviteter
Ei lang historie – og nye kapittel
Storeggen har røter meir enn 400 år tilbake i tid. Og etter å ha vore ute av slekta sidan 1960-talet, kjøpte Marianne og Stein garden tilbake i 2012. Dei starta med storfeproduksjon, hovudsakleg av rasen Limousin, og i 2023 opna dei eige produksjonslokale for foredling av kjøt. I dag bur også neste generasjon, Sondre og Maiken, på garden – som ellevte og tolvte generasjon på Storeggen.
Smak og opplevingar frå garden
I den sjarmerande sommarstova på tunet har dei gardsutsal med kjøt frå eigne limousin-ammekyr – handlaga pølser, karbonadar og burgarar, i tillegg til utsøkte stykningsdelar. Dyra beitar på friske fjellenger om sommaren og får grovfôr frå eigne jorder resten av året.
Vil du ha ei matoppleving utanom det vanlege? I den ærverdige storstova i våningshuset inviterer dei til Bondens bord – ein femrettars middag laga av råvarer frå garden og andre lokale produsentar. Rundt langbordet får du høyre historia om maten frå jord til bord og forteljingar frå livet på Storeggen. Ei oppleving du vil hugse lenge.
Du bestiller bord ved å ta kontakt direkte.





